Helga frå Helvete
Greit. Det er fredag (OK, ikkje i dag, men eg har då betre ting å gjere enn å blogge heile tida!??!). Det er regn. Slafs. Sludd. Dritt. Crap. Fuck my life! Med andre ord; tid for å skifte dekk på bilen. I need piggs in my dekks... Så eg sette meg i bilen og tok turen til Sykkylven. No skulle eg slå manger fluger i ein smekk, gitt! Heime laga eit-eller-anna, pappa skulle skifte dekk, mamma skulle dulle med meg og alt skulle berre vere velstand.
Eg tok steget over dørstokken. Og kva kjende eg? Fiskelukt! Fisk til middag?!?! WHAT?? Knekken. Og tru du meg, dette var berre knekk nummer ein denne helga...
Etter å ha stirra laksen i senk og sjølvsagt oppført meg pinleg barnsleg ved middagsbordet, tok eg turen ned på soverommet mitt. Mitt kjære fjortissrom. Mitt Nirvana. Staden eg alltid har kunne trekke meg tilbake til for å...øø, ligge rett ut på senga å sjå på dårlige TVseriar... Men kva har hendt?? JO! Mamma og Pappa tenkte dei skulle rydde. For mi skuld? Nope... Dei trengte meir skap- og lagringsplass. Lagringsplass?!? På MITT rom!??!?
Alle pyntegjenstandane som har stått tilfeldig plassert rundt om i heile rommet, var no stua saman på ei pinglete hylle...

Den eine hylla der skoa mine sto så fint oppstilt var no blitt til...ein UFO?

Det ein gong så organiserte klesskapet mitt var no halvvert og svært lite organisert...

Og fanden meg så var det ikkje tømt på eine sida også! WHAT!??! Kvar skal eg leggje alle kleda eg tek med meg heim til ei kvar tid?? Har dei kasta meg ut?!?!?
Skoa mine låg i ei røys på golvet i skapet...Kva gale har dei liksom gjort...?

For ikkje å snakke om stakkarane som vart forvist til ei pappkasse!!!!
Eller dei som vart skudd, heilt forsvarslaust, inn i ei slags dritthylle av stoff.....

Tynga av sorg og smerte gret eg mine modige tårer før eg ropte på Pappa å gav han beskjed om at bilen var klar til å få nye dekk. Kva trur du svaret var?? "D trur ej du greie fint åleine, lisje gulla mine". Ehh...Kva?? Skal EG skifte degg? SJØLV?!?!?
Vel...eg tok på meg nokre gamle joggisar frå den ikkje så velorganiserte delen av klesskapet eg enda har fått behalde (skal tru kor lenge det varer.....), og rusla mutt ned i garasja....
Problem nr 1: Kva er dette for noko??
2. Dette da????
Etter litt om og men forsto eg at nr 1 var ein jekk frå steinalderen, og nr 2 var...ok, eg veit endå ikkje kva det er, men eg skjøna etter kvart kva den skulle brukast til...

Eg hamra og banka og slo og skrudde og banna og gret...

Det var faen ikkje berre berre må du tru...Tungt og jævligt.... Så til slutt prøvde eg å stå på den der skrudingsebomsen....

Eg hoppa rett opp og ned, akkurat slik som Lars Vaular...

Og vips hadde eg fire spikrar liggande på golvet....... 
Fint. Så langt hadde det faktisk gått ganske bra.... Men så skulle faenskapet på igjen!! Og etter å ha dytta på plass eitt dekk, gav eg opp.....
Heldigvis kom Pappa for å hjelpe meg, og han fiksa resten på 1-2-3. Sjølvsagt mens han mobba meg for å vere "alt for svak, ei lita pingle, pipestilk, no må du bynd å trene...blablabla"..... og med ei formaning om at eg fekk iallefall greie å sette på hjulkapslane sjølv. Det måtte då til og med ei lita jente klare. haha...
Med dekka på plass forlot eg barndomsheimen - som no var omgjort til lager....- og tok meg like så godt ein tur til Moa........ Når eg gjekk ut av bilen oppdaga eg sjølvsagt at eg hadde mista eine hjulkapselen..... FML!
-C- som fortsatt ventar på at høgre bakdekk skal dette av når som helst... jepp, det eg skifta sjølv......
A
25.okt.2011 kl.23:46
Stian
25.okt.2011 kl.23:49
cs7 - Meg og mi verd
25.okt.2011 kl.23:49
MG
26.okt.2011 kl.10:44
Borghild
26.okt.2011 kl.11:27