Helga frå Helvete

Greit. Det er fredag (OK, ikkje i dag, men eg har då betre ting å gjere enn å blogge heile tida!??!). Det er regn. Slafs. Sludd. Dritt. Crap. Fuck my life! Med andre ord; tid for å skifte dekk på bilen. I need piggs in my dekks... Så eg sette meg i bilen og tok turen til Sykkylven. No skulle eg slå manger fluger i ein smekk, gitt! Heime laga eit-eller-anna, pappa skulle skifte dekk, mamma skulle dulle med meg og alt skulle berre vere velstand.

Eg tok steget over dørstokken. Og kva kjende eg? Fiskelukt! Fisk til middag?!?! WHAT?? Knekken. Og tru du meg, dette var berre knekk nummer ein denne helga...

Etter å ha stirra laksen i senk og sjølvsagt oppført meg pinleg barnsleg ved middagsbordet, tok eg turen ned på soverommet mitt. Mitt kjære fjortissrom. Mitt Nirvana. Staden eg alltid har kunne trekke meg tilbake til for å...øø, ligge rett ut på senga å sjå på dårlige TVseriar... Men kva har hendt?? JO! Mamma og Pappa tenkte dei skulle rydde. For mi skuld? Nope... Dei trengte meir skap- og lagringsplass. Lagringsplass?!? På MITT rom!??!?

Alle pyntegjenstandane som har stått tilfeldig plassert rundt om i heile rommet, var no stua saman på ei pinglete hylle...

Den eine hylla der skoa mine sto så fint oppstilt var no blitt til...ein UFO?


Det ein gong så organiserte klesskapet mitt var no halvvert og svært lite organisert...




Og fanden meg så var det ikkje tømt på eine sida også! WHAT!??! Kvar skal eg leggje alle kleda eg tek med meg heim til ei kvar tid?? Har dei kasta meg ut?!?!?

Skoa mine låg i ei røys på golvet i skapet...Kva gale har dei liksom gjort...?


For ikkje å snakke om stakkarane som vart forvist til ei pappkasse!!!!

Eller dei som vart skudd, heilt forsvarslaust, inn i ei slags dritthylle av stoff.....




Tynga av sorg og smerte gret eg mine modige tårer før eg ropte på Pappa å gav han beskjed om at bilen var klar til å få nye dekk. Kva trur du svaret var??  "D trur ej du greie fint åleine, lisje gulla mine". Ehh...Kva?? Skal EG skifte degg? SJØLV?!?!?

Vel...eg tok på meg nokre gamle joggisar frå den ikkje så velorganiserte delen av klesskapet eg enda har fått behalde (skal tru kor lenge det varer.....), og rusla mutt ned i garasja....




Problem nr 1: Kva er dette for noko??




2. Dette da????

Etter litt om og men forsto eg at nr 1 var ein jekk frå steinalderen, og nr 2 var...ok, eg veit endå ikkje kva det er, men eg skjøna etter kvart kva den skulle brukast til...

 

Eg hamra og banka og slo og skrudde og banna og gret...


Det var faen ikkje berre berre må du tru...Tungt og jævligt.... Så til slutt prøvde eg å stå på den der skrudingsebomsen....

Eg hoppa rett opp og ned, akkurat slik som Lars Vaular...




Og vips hadde eg fire spikrar liggande på golvet.......  



Fint. Så langt hadde det faktisk gått ganske bra.... Men så skulle faenskapet på igjen!! Og etter å ha dytta på plass eitt dekk, gav eg opp..... 
Heldigvis kom Pappa for å hjelpe meg, og han fiksa resten på 1-2-3. Sjølvsagt mens han mobba meg for å vere "alt for svak, ei lita pingle, pipestilk, no må du bynd å trene...blablabla"..... og med ei formaning om at eg fekk iallefall greie å sette på hjulkapslane sjølv. Det måtte då til og med ei lita jente klare. haha...




Med dekka på plass forlot eg barndomsheimen - som no var omgjort til lager....- og tok meg like så godt ein tur til Moa........  Når eg gjekk ut av bilen oppdaga eg sjølvsagt at eg hadde mista eine hjulkapselen..... FML!

 

-C-  som fortsatt ventar på at høgre bakdekk skal dette av når som helst... jepp, det eg skifta sjølv......

BRANN

Hallo bloggen (yeah, dette har eg lært at er rett måte å innleie eit innlegg på).

På torsdag vakna eg av alarmen klokka 07.00. CRAP! Alle rede då var dagen øydelagt... Ramla meg inn på badet, var for trøytt til å få på meg linser, så då gadd eg ikkje sminke meg heller....Brukte så lang tid på å "våkne" i dusjen, at eg ikkje rakk å ete frokost, og tida var knapp, så eg måtte køyre til skulen. Kom ut, og jammen måtte eg ikkje skrape rutene på bilen også. Dobbel crap! 

Sjølvsagt har eg ikkje isskrape liggande i bilen, så eg måtte bruke ferjekortet mitt........ Det resulterte i iskalde fingrar, og når eg endelig var ferdig og fekk sett meg inn i bilen, måtte eg vente alt for lenge før vindua hadde dogga ned og eg kunne køyre. Berre for å toppe det heile, vart bilen sjølvsagt ikkje varm før eg kom fram til skulen...

Kald og trøytt subba eg meg opp i forelesningssalen, og fekk akkurat planta bakenden på ein luguber stol og leitt fram skirveblokka då brannalarmen gjekk. Læraren berre

 

medan eg berre

 

 

Endelig fekk eg noko eg kunne blogge om! 

 

Vi tusla ned trappene, og i gangen kjende eg tendensar til svidd lukt. HURRAY! Eg såg for meg alle moglege slags scenario! Kankje ville TV2 komme å filme, og sjølvsagt ville velgje meg som intervjuobjekt. Eg såg for meg overskriftene; "Kjendis i dramatisk brann". Lukka sto meg bi!

Så sto vi der då, i samla flokk utanfor inngangen til Strømbygget.

Eg tenkte at for første gong sakna eg ein lærar som ropte "6A på rekke to og to" som kunne fortelje meg kva eg skulle gjere. 


Etter ei stund vart alarmen slått av, og folk byrja sakte men sikkert å returnere til klasseromma. Vel inne i auditoriumet fekk vi vite at det berre var ei brannøving, og eg vart sjølvsagt skuffa....

Heller ikkje denne gongen skulle eg få sjangsen til å verte kjendis.......

-C- som byrjer å frykte at kjendisstatusen ikkje kjem til å komme på ei stund....

Jaktsesongen 2012 har starta!!

Kom over dette biletet på dinna derno internetten

Story of my life.....

Så no har eg invistert i eit effektivt skytevåpen for å få katten ned frå benken uten å måtte reise meg frå gropa i sofaen

Har skremt dyret, og no vert han redd berre han ser synet av flaska. Han snik seg så langt unna meg han berre kan, medan eg sit på lur å ventar på ein sjangs til å treffe blink

Go go go!!!

-C- som har fått augene opp for jakthobbyen.

For di eiga skuld

Dersom du er dritlei usaklege blogginnlegg frå meg (noko eg igrunn reknar med at du er...), så trykk du på denne linken, deretter trykk du på stem, og dette gjenntek du KVAR FORBANNA DAG! 

Dersom eg og Karroparro vinn, kjem eg nemlig til å vere så oppteken at eg ikkje har tid til å poste crappy shit her heile tida, at du slepp å høyre på maset mitt om å bli bloggkjendis!   Winwin spør du meg! :D

-C- som skal VINNE!!!!

 

 

Dagens innlegg

Idag hadde eg store plana om å skrive eit kongebra innlegg, men så gadd eg ikkje likevel....


PS: til våren skal eg ut å erobre verda saman med Myklisen, i den anledning ynskjer eg meg eit par av desse praktiske tennissokkane. Perfekte til å ha i sandalane mine med borrelås på!!!

-C- som fortsatt stirra på mattebøkene sine....

This is my pussy

Today I wanna tell all of my fans about my amazing pussy!

I have an awesome pussy which make me feel sooooo good every time i pet and stroke it. Everytime Im alone in the apartment and feel a bit lonesome, I just grab my pussy and stroke it till it can´t take it ant more...

 

 

 

If you ever feel lonesome and don´t have anything better to do, you´re more than welcome to stop by and pet my pussy! Both me and my pussy will be soooo greatful....

 

My pussy is so worm and tender and loves getting petted. Sometimes it can be a bit wet, but that is no problem, just pet it and it will love you for ever!!

 

Here are some pictures of my wonderful pussy, just for you! ENJOY!! ;)

 

Pussy som bebi! :)

Gangstahpusen

Pus blir fotografert mot sin vilje...


Søtepusen i posen!


Ja til pels!


Nydusja Tullepus :)


Snakk om å kjøpe katta i sekken!! HAHAHA!!


Trøttepus på biltur

Ivrig pus på biltur


Feira 17.mai to the bitter end!

Me stroking my pussy :D




Peace and love from C and her Pussy! ;)

Doohh

Igår skreiv eg at eg hekla. I dag har eg lagt opp den karriæra...

Dette var synet eg vakna til. Kattane må vere ute resten av dagen....

-C-

Jepp, det er heilt sant

Eg har ikkje ein dritt å kome med. Verkeleg. Dette har eg likevel forstått at ikkje treng vere noko hindring for å blogge, sidan eg er kjendis er du nok svært gira på å vite kva eg gjer på uansett, så då skal du få ei oppsummering av dagen min.

08.00: Alarmen til Eirik ringte. Eg slo den av, vi sovna igjen.

09.30ish: Telefonen til Eirik ringte. Han våkna, var litt misnøgd med at eg hadde skrudd av alarmen hans før han registrerte den. Sidan eg er kjendis kan eg gjer nett som eg vil...

11.32: Eg greidde ikkje ligge i senga lengre, til trass for at eg prøvde så godt eg kunne...

11.45: Forflytta meg til sofaen. Skreiv ei oppgåve som eg leverte på Fronter ca 12.05...

12.15: Tok meg ein lang dusj. Dagens høgdepunkt.

13.00: Føna håret

13.15: Retta ut håret...

13.30-14ish: Kikka på mattebøkene eg burde ha sett igjennom...

14ish: Såg Grey´s anatomy på sidereel.com

15.04: Køyrde til Ørsta for å ete middag med Eirik

15.20-17ish: Satt på Fu Lihn og trykte i meg lis og kali og diskuterte X2 si framtid med Eiriken

17.15: Køyrde heim til Volda

17.30: Klappa katten

18.00: Klappa den andre katten

18.27: Tok meg ein tur på Europris for å kjøpe ting eg treng..... Litt usikker på kva det verkelege målet med den turen var, men kom iallefall heim med masse crap eg ikkje treng...

18.54: Hekla eit panneband....

19.30: Gløymde å sjå Hotel Cæsar

19.42: Eirik kom heim. Eg vart glad.

19.45-20.15: Låg på sofaen å venta på at Eirik skulle bli ferdig i telefonen slik at vi kunne stikke på butikken å pante flasker...

20.30: Panta flasker på Kiwi.

20.48: Laga meg ei rett i koppen suppe i ei SKÅL!

20.59: Ferdig med suppa

21.05: Laga heimelaga bringebær is. Lyst på?? KOM PÅ BESØK!

21.27: Såg dagens episode av Hotel Cæsar på TV2sumo. Takk og pris for TV2sumo!!!

21.57: Hotel Cæsar slutt...så eg kikka ut i lufta.....

NO: Fann ut at eg skulle skrive dette totalt uinteressante innlegget.....

 

Seriøst, om du faktisk les dette så synes eg nesten synd på deg. Denne bloggen er så crap at eg er usikker på om eg gidd å følge med på den sjøl.............

-C-

Kunsten å stå på vantnet

Her en dag i sommarferien reiste me til Bømlo for å overnatte på hytta til kusina mi og Åsmund.

Åsmund hadde vore ute å dratt krabbeteiner, og medan han og Eirik reinska krabben

dekte damene borde.

Og etter litt tid var det duka for eit herremåltid utan liker i fantastisk vér ved sjøen. 




Men før me kom så langt, måtte me sjølvsagt bade. Er det sommar, så er det sommar, og er du ved sjøen, ja då må du bade. Eirik hoppa som vanleg rett i det, medan eg og Klara trengte litt lengre tid....

 

Klara kom seg etter kvart ut i vatnet, og der trivdes ho godt...


Så var det min tur........ 

 video:img2201

Men etter ein del om og men og overtaling frå diverse kantar, kom eg meg til slutt ut i vatnet.


 Særdeles nøgd med eigen innsats!!


Etter maten var innteken - altså, her hoppar vi litt fram og tilbake i tid - deal with it! Syntes Eirik det var på tide å gjere noko meir actionfylt. Åsmund kunne tilby vannski, og Eiriken lot seg ikkje be to gongar.


Dei gjorde seg klare til dyst...


og til min store forargelse gjekk det sjølvsagt dritbra.....

 video:eirik vannski 

Etter dette spretta vi eit par ølflasker og spelte sequence til me ikkje makta meir, og kapitulerte...

 


 

Neste dag vakna me til regnvér, og det frista igrunn lite å stå opp i det heile tatt. Eirik og Åsmund sprang sjølvsagt ut for å køyre meir på vannski, og etter ei stund kjende eg at eg kunne ikkje ver noko dårligare! Så eg trampa opp i bilen, ålte meg inn i våtdrakta mi og innsisterte på at NO var det min tur!  Det såg jo dritlett ut, isi pisi, så dette kunne jo ikkje vere nokon sak, vel?

Eg sette meg på brygge kanten, og gjorde meg klar til dyst...

 

 


Åsmund sette i gang båten, tauet stramma seg, hjertet dunka så hardt at hadde det ikkje vore for at våtdrakta var så stram hadde det sprotte ut av magen på meg...

 

video:img2236 

 

og vi var i gang...

Det gjekk sjølvsagt jævlig bra...




Etter x-antal forsøk (faktisk berre 3!!!), kom eg meg likevel opp på skia, og sjølv om stilen kanskje ikkje hadde fått 10 poeng, følte eg at eg rula heile havet!! YEAH!

 

video:claravannski

Tjohoo!!! Verdsmeister!!!!

 video:ettervannki 

 

-C- som er både verdsmeister på vannski og snart kjendis

Brillefint

Det var en gang en sebra som ikke kunne se bra, så en dag gikk en sebra som ikke kunne se bra til en sebra som kunne se bra. Da spurte en sebra som ikke kunne se bra en sebra som kunne se bra hva en sebra som ikke kunne se bra skulle gjøre for å kunne se bra. Da svarte en sebra som kunne se bra en sebra som ikke kunne se bra at for at en sebra som ikke kunne se bra skulle kunne se bra måtte en sebra som ikke kunne se bra kjøpe seg biller...  And so she did...

Ja så kom den dagen da, at alderdommen har teke meg att. I ein alder av 22,5 år (ikkje gidd å kommenter at dette ikkje stemmer, eg er 22,5 år og har ikkje tenkt å bli eldre - nokon sinne!!) har eg altså måtta innsjå realitetane. Morsomt ordval, innsjå...hmm... Eg ser dårleg!!

Greit, har strengt talt sett dårleg sidan 7.klasse, og fekk briller på den tida, men det gjekk berre ei lita stund før eg skaffa meg linser, og desse har eg sverga til heilt til no. No har eg altså tatt steget inn i vaksenverda og gått til anskaffelse av briller. Som aldrande kvinne og lærar følte eg rett og slett at tida var inne. 

Sånn ser eg ut no...... Dessutan er eg omlag 2000 kr fattigare, og har difor bestemt meg for at eg må bruke dissa brillene ein del også. 




Sida eg snart er bloggkjendis (jada jada) reknar eg med at du har lyst på nett same brillene. Difor kan du trykke her, og då kjem du til den nettsida eg burde kjøpt dei på, for å ikkje måtte punge ut med restane av innhaldet på kontoen min. No har eg pokker ikkje råd til øl, og i morgon er det fredag!!!!

 

Sånn ser herligheita ut i si heilheit. Vogue type VO2647...



I fylgje Optical Daily News (jepp, heilt sant!!) er desse brillene skikkelig in for tida...Og dei tiltrekk seg merksemd! Hey hey! Kjendisstatus, her kjem eg!!  

This three-caliber optical model boasts a clean line that attracts attention. Perfect for days and nights when glamorous elegance is a must . The modern silhouette is enlivened by the temples in fresh and youthful colors and is perfect for those who love to blend classic style with a touch of the unexpected.

 

Eg ser (HAHA!) ikkje noko anna utfall enn at no MÅ eg bli kjendis....

 

-C-

 

Les mer i arkivet » Oktober 2011 » September 2011 » Juli 2011
hits